tirsdag 2. mars 2010

PROSTEN FØRTE PILEGRIMSSTAVEN GJENNOM ORKDALEN


Berit Lånke ringte meg om eit artig opplegg fredag ettermiddag. Pilegrimsstaven frå Stiklestad skulle førast gjennom Orkdalen til Santiago de Compostela! Ordførar Jon P. Husby førte han gjennom Skaun kommune. Han tok han med seg i sekken på skitur frå Skaun til Ulvåshytta i Orkdal. Der møtte prosten opp og gjekk med pilegrimsstaven ei god mils veg på ski over Raudåsen, Lomtjønna og Lauvåsen og ned til Fannrem. Derifrå vart moderne framkomstmiddel brukt til overlevering på Skjøtskift til Lars Kjelstadli som skulle føre pilegrimsstaven til ordførar Ivar Syrstad i Meldal. Han skulle føre han gjennom Meldal for overlevering til ordføraren i Rennebu og leiaren i Nidaros bispedømmeråd, Ola T. Lånke.


Det er noko spesielt å delta i ein slik pilegrims-stafett. Det set skituren i ein større samanheng! Vi juksar litt i dette opplegget med å bruke bil og moderne syklar. Pilegrimane i mellomalderen gjekk nok på sine føter. Og dei tok seg fram over Dovre sjølv om det var vinter og snøstorm. Så viktig var det for dei å gjennomføre ferda til Nidaros. Ikkje alle kom fram. Om våren fann dei omkomne pilegrimar langs leia over fjellet. Kva var det som var så viktig for dei ? Eg veit vel ikkje så mykje om dette, men det var ein lengsel etter å komme nærmare Gud gjennom pilegrimsvandringa. Det var eit håp om å oppleve Guds-nærværet i Kristkyrkja i Nidaros. Kanskje var det noko dei bar på som dei ville legge frå seg der. Eit oppgjer og eit håp om ein ny start i livet utan børa frå fortida. Ein lengsel etter nåden og det nye, frie livet?


Kanskje vi skulle gå pilegrimsleia gjennom Orkdalen i sommar i refleksjon og ettertanke og bønn!

Birger Foseide, prost i Orkdal.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar